Hallgeir skrev:
Den nye reformen har jo vært på banen nå en stund og utprøvd i noen år.
Kva reform er det du meiner? (Det er svært sannsynleg eg har gått glipp av noko, som du spør: "noe poeng?")
Hallgeir skrev:
Hovedpoenget har vært å styrke lokaldemokratiet i kirken for å ivareta de interessene man har for gudstjenesten lokalt.
Det synes for meg derfor SVÆRT underlig at kultur- og kirkeminister Trond Giske med en samlet regjering i ryggen i dag utnevner Erling Pettersen som biskop i Stavanger Bispedømme.
Eg trur du blandar liturgi- og 'demokrati'reformen saman. Den siste skal kyrkja vise at ho maktar fyrst ved soknerådsvalet i september. Difor er det forståeleg at Trond Giske utnevner/te Erling Pettersen. Dette er mest sannsynleg hans/regjeringa si siste sjanse til å sikre eit slikt val. No er det dei som bestemmer, neste gong er det sannsynleg kyrkja som bestemmer. Sånn sett er det ikkje noko overtramp, men noko som høyrer statskyrkjesystemet til.
Men om det er noe poeng i alle reformene, om grasrota vert høyrt osv. ja, det kan ein lure på. For når det gjeld t.d. soknerådsvalet her i kommunen kan vi ikkje stille med nok folk til å ha like mange vallokal og opningstid som til kommunevalet. Følget vert kanskje tidas minst demokratiske soknerådsval... Som du spør: er det noe poeng?