Skule for kva?
Eit lesarinnlegg eg skreiv i valkampen 2007, då eg var fyrstekandidat for MDG i Rogaland.
Skule vert ei hovudsak i valkampen, melder Stavanger Aftenblad 27. februar. At det er ei viktig sak, er det ikkje tvil om. Berre så synd at ingen av dei etablerte partia kjem med noko nytt til dette utpinte ordskiftet.
Tvert om, Høgre og FrP har sett dagsorden, og dei andre diltar etter, frå SV til KrF. Disiplin og respekt er det visst for lite av i skulen. Læraren må stå fram som overhovudet i klasseromet, ta tilbake styringa med elevflokken. Nok sosialdemokratisk, snillistisk dilldall – her skal det lærast!
Skulen speglar samfunnet elles. Ikkje berre læraren, men òg andre offentlege tenestfolk har mist mykje av autoriteten dei hadde «i gamle dagar». Folk står ikkje med luva i handa og tek imot, dei tenkjer sjølve fyrst. Anten det gjeld læraren, presten eller byråkraten i bygningsetaten – sann respekt må dei gjera seg fortente til. Å spreia frykt og redsle er ein illegitim måte å oppnå «respekt» på no til dags. Dei færraste ser vel på det som noko negativt.
Når så dei etablerte partia talar om «meir disiplin i skulen» – som i stor grad skal oppnåast gjennom straff og trugsmål om straff – kan ein undrast kva slags storsamfunn dei vil ha. Eit samfunn av sjølvtenkjande individ som ikkje utan vidare godtek det som kjem frå autoritetane, er det beste vernet for folkestyret.
Dette handlar ikkje om at småskuleelevar skal ta alle avgjerdene for læraren. Men for å få respekt, må lærarane kunna grunngjeva handlingane sine – dei må vita kva dei gjer, og det må vera meining med det! Som Mosse Jørgensen utrøyttande har peika på i mange tiår: Born vil læra. Det er eit større problem at lærarar, godt hjelpte av rigide læreplanar, legg hinder i vegen for læringa.
Ein skule som skal femna om mangfaldige menneske må sjølv vera mangfaldig. Skulane må i mykje større grad opna for alternative syn på læring og undervisning. Kvifor ikkje ha eit mangfald av opplegg på kvar skule, og innanfor visse råmer lata elevane velja sjølv kva slags opplegg dei vil fylgja? På universiteta har det vore slik i hundrevis av år. Då kunne me tala om «tilpassa opplæring» som noko meir enn ein urealistisk draum.
Gjev elevane meining, gjev dei tryggleik, gjev dei gode føredøme i tilværet, så kjem respekten av seg sjølv. I mellomtida lyt me gå skuleverket vårt grundig etter i saumane. Kva er eigentleg målet med læringa – å produsera konsumentar og produsentar som ikkje stiller spursmål ved samfunnsutviklinga, eller «å stimulera borna til å utvikla seg til leikande, kunnskapsrike og reflekterte kulturmenneske med sjølvtillit og sjølvinnsikt», som det heiter i programmet åt Dei Grøne?
Kva ein svarer er ei sak for seg. Men skal Miljøpartiet Dei Grøne vera åleine om å stilla spursmålet?
Innlegg i same gata:
Next entry Gardsbruk for framtida
