«Det som gjør personlighetsforstyrrelsesbegrepet annerledes og mer sensitivt enn andre i psykiatrien, er at det i bunn og grunn ikke dreier seg om noe man har, men om noe man er», skriv Andreas Gaasland i Morgenbladet 8. januar. Med dette rører han ved eit kjerneproblem i det psykiske helsevesenet: makta til å avgjera kva eit menneske er, til å fanga det i ord – i diagnosar, epikrisar og journalar.

Min eigen journal frå barnepsykiatrien peiker på ei rekkje problematiske trekk. «Går fort i diskusjon med lærer om hensikten med å utføre pålagte oppgaver, vil ha en begrunnelse for ting han skal gjøre som han kan godta. Skolesituasjon er vanskelig sosialt både i forhold til voksne og barn.» At desse tinga kunne ha samanheng med
grov understimulering i den norske likebehandlingsskulen, med påfylgjande tap av sjølvtillit, mobbing og årelang sosial isolasjon, ser ut til å ha vore ein fjern tanke for dei fagkunnige.

Eg mangla visstnok empatiske evner, men det har i så fall vore gjensidig i møtet med psykiatrien. I staden for å leva seg inn i verda mi, heldt fagfolka seg på trygg avstand – i nærleiken av diagnosekatalogen, med tilgang på alle faguttrykk som trengst for å unngå det opne og krevjande møtet mellom menneske på like fot. Vitskapleg og profesjonelt, vil nokre seia. Spørsmålet er om ikkje det snarare står i vegen for det som burde vera føremålet for alt helsearbeid: å hjelpa medmenneske til å leva ut det heile og fulle potensialet sitt.

(Fleire utdrag frå journalen min kan du lesa i Karibua: Diagnose: Intelligent)

Innlegg i same gata:

Del

Lagt ut fredag 15. januar 2010 klokka 12:06

1

Kommentar til «Psykiatri utan empati»

Diagnose: intelligent « ⌂ ⌂ ♥ K a r i b u a ♥ ⌂ ⌂

[...] Newths fremtidsblogg Jarle Fagerheims organist med meir-blogg Nødhjelp for pårørende av intelligente barn 59.916671 [...]

Kommenter!