Organist med meir

heimesida til Jarle Fagerheim

Category archive for ‘Film’ rss

  • Åra som går

    Eg var på farten og fekk ikkje lagt ut noko filmtips førre laurdag. Sidan eg nett er komen tilbake til Oslo, gjer eg det lett for meg denne gongen, og plagierer eit tips frå bloggen Karibua (som intervjua meg tidlegare i haust). Dokumentaren Åra som går er ei sterk innføring i den hårreisande konstruksjonen som [...]

  • Gardsbruk for framtida

    Framifrå BBC-dokumentar om korleis vi kan produsera mat i ei verd med langt mindre tilgjenge på fossile brennstoff. Særleg spanande er omtalen av skoghagebruk, forest gardening, som eg kjem tilbake til her på bloggen. I mellomtida får de kosa dykk med filmen.

  • Konsert i Birkeland kyrkje

    Nils Aam, bror til mi mormor, var organist i Birkeland kyrkje i Bergen i 39 år. Familie, elevar og vener samlast 23. april 2007 som hadde vore den 100. fødselsdagen hans til minnekonsert.

    Johann Sebastian Bach: Fantasi og fuge i g-moll (BWV 542)

    Takk til bror min Tore for filmopptak: